Invitasjon til stiftingsmøte for ei fiskegruppe

Invitasjon til stiftingsmøte for ei fiskegruppe

Fleire har dei siste åra snakka om at det hadde vore triveleg å få til ei fiskegruppe i kystlaget. På møtet i januar vil me prøve å konkretisere organisering og aktivitetar for eit slikt lag.

Tid og stad: Laurdag 11. januar på Bragdøya. Avreise frå Lumber kl. 10 00  og tilbake seinast kl. 1400

Program:

  • Presentasjon av forslag til visjon, målgruppe, aktivitetar og organisering av fiskegruppe
  • Diskusjon om forslag til fiskegruppa og andre idear (sjå vedlegg)
  • Val av arbeidsgruppe
  • Handlingsplan for 2020
  • Kåseri av Erlend Borge, Kristiansand Havfiskeforening om ulike typar agnfiske

Gi gjerne ei tilbakemelding  til saltebua@bragdoya.no om du er interessert i å bli med.

 

X